Go Norsk Friluftsliv to main content
17. Mar 2026

Tysdagstur til Dyrhovden

Mer informasjon
Tysdagstur til Dyrhovden
IconSted
Askvoll
Icon Tid
Kl. 10.00 - 15.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Turen starter ved Flokenes Grendahus, den går i småkupert terreng på merka tursti, mesteparten av turstien går i  furuskog, men mot toppen opnar det seg opp med flott utsikt  over Førdefjorden mot Svanøy - Florø. Middels lett tur. Turen er ca 5 km og ca 250 høgdemeter.

Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar. 

Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats. 

IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn. 


Icon Oppmøtested