Turen til Fureviknipa (750 moh) startar frå parkeringsplassen ved Nordheiatunellen (460 moh). Vi går på grusvegen retning Fauskevarden. Rett før vi er på høgste punktet på grusvegen tek vi av til venstre ned lia, over bekken og oppatt lia. Her er det myr, og det kan vere litt vått. Vidare oppover går vi på fin sti i fint terreng. Frå toppen av skiheisen i Blomlia er vi oppe i ope fjellterreng. Turen er omtalt i Opptur Sunnfjord s. 262 (tur 63) og i Opptur Indre Sunnfjord s 140 (tur 04-06).
Om ver og tilhøve tilseier det, kan turen forlengast til Skinnbroka og Fauskevarden.
Turleiar er Sisell Seljestokken og Ann Elisabeth Opland.
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn.