Go Norsk Friluftsliv to main content
28. Apr 2026

Tysdagstur til Naregga

Mer informasjon
Tysdagstur til Naregga
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 10.00 - 15.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Turen startar på nordsida av Helletunnellen (omlag 240 moh). Høgste punktet er på 602 moh. Samla stiging er ommlag 420 høgdemeter.

Vi går først bratt opp gjennom granskogen til Øyaskaret. Derifrå enno nokre høgdemeter på god sti opp gammal lauvskog. Etter kvart vil landskapet flate seg ut og vi går i lett kupert terreng og på ein open fjellrygg vestover med god utsikt til fjella rundt. Ved varden får vi ein flott utsikt vestover fjorden og til øyane vest i havet. Turen er omalg 5,5 km fram og tilbake. 

Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar. 

Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats. 

IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn. 

Icon Oppmøtested