Varlivatnet ligg 796 moh i Naustdalen. Turen startar inst i Naustedalen på Teigen (320 moh), og går på skogsveg første stykket før vi kjem over på sti til Teigastølen. Vidare går vi på sti nordover gjennom Grødalen til vi kjem opp til dei to Varlivatna. Turen er del av ein rundtur der ein kan gå vidare via Vinddalsvatnet og Vinddalen tilbake til start, men vi går same veg tilbake som vi kom opp.
Turleiar er Sigrid Gjelsvik og Liv Tefre.
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn.