Vindkjegla (688 mog) ligg rett vest for Naustdal sentrum. Vi starter turen frå høgdegarden Kringla (ca. 315 moh), vest for Naustdal Sentrum. Vi går stien opp forbi Kringlestøylen og Mallasvikstøylen (same vegen som til Steinkorsen). I stidele etter Mallasvikstøylen held vi til høgre går går nodrover til Fjellsenden. Her er det litt bratt, og ei ur som vi må forsere. Frå Fjellsenden går vi austover til Vindkjegla. Vindkjegla er synleg frå store deler av Naustdal Sentrum. Mektig utsikt på toppen mot Førdefjorden, Lisjehesten, Storehesten, Blægja etc.. Meir utfyllande informasjon i Opptur Sunnfjord s 290 (tur nr. 70) eller Opptur Indre Sunnfjord, tur 01-13
Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar.
Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats.
IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn.
Turleiare:
Liv Tefre, Telefon: 91350997
Ann Elisabeth Opland