Go Norsk Friluftsliv to main content
25. Aug 2026

Tysdagstur til Ytste Kvamsfjellet (Vassenden)

Mer informasjon
Tysdagstur til Ytste Kvamsfjellet (Vassenden)
IconSted
Sunnfjord
Icon Tid
Kl. 10.00 - 15.00
Icon Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Icon Kontaktperson

Vi køyrer mot Vassenden, og opp til øverste parkeringa i Blomlia alpinsenter i Jølster. Derifrå går vi først på bratt, god grusveg før vi tek inn på fin sti i terrenget. Første stopp er utsiktspunktet Ampfen. Deretter går vi vidare til varden på Ytste Kvamsfjellet. Turen er omlag 11 km tur/retur, og vi går 500 høgdemeter. Frå Ytre Kvamsfjellet er det også mogleg å gå vidare til toppen på Kvamsfjellet, og ev nedatt via Stordalsfjellet og Varden og ned til parkeringa ved Bakkestøylen. 

Samordna avreise frå Laksen på Festplassen i Førde kl 10.00. Ev oppmøte ved turstart etter avtale med turleiar. 

Passasjerane betaler kr 50 til sjåfør for turar inntil 40 km kvar veg (80 km tur/retur). Ta omsyn til og juster ev for bompengar/parkeringsavgift. For turar på over 40 km kvar veg (over 80 km tur/retur) vert betalinga kr 75-100 alt etter lengde. For særleg lange turar vart det avtalt eigen sats. 

IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn. 

Icon Oppmøtested