Go Norsk Friluftsliv to main content
18. juli 2025

Vassdalstjørn - Krossvatn - Stranddalen

Mer informasjon
Vassdalstjørn - Krossvatn - Stranddalen
IconSted
Stavanger
Icon Tid
Icon Arrangør
Stavanger Turistforening
Icon Kontaktperson

Finn frem turstøvlene og bli med på ein kjekk hytte- til hyttetur der me utforskar nokre ruter utenom dei vanlege stiane. Gåturen startar ved Oddatjørndammen og går til Vassdalstjørn. Dersom snømengdene og tilstanden på vegen tillatar det kan det hende me køyrer eit stykke innover mot Skreivasskleivane. Neste dag går me til Krossvatn i retning Vassdalsbergi, truleg om Heddevasslaupet før me svingar mot Grjotdalen. Etter ei natt på Krossvatn set me kursen mot Stranddalen.  Der kan me vente oss god oppvarting. Siste dag blir det retur til Øvre Moen. Med andre ord en langtur gjennom nydelig høyfjellsterreng med flott natur, hyttekos og sosialt lag!

Turen passar for deg som er vand med å gå i fjellet med sekk, men som ønsker selskap på turen. Turen går store delar utanfor merka løyper og utanfor sti, så du må vere komfortabel med det.

Fredag
Me køyrer frå Stavanger kl 0900 og samlast ved bommen til Blåsjøvegen 1130. Så køyrer me til Øvre Moen og plasserer ein bil eller to der, og vidare til Oddatjørndammen før me tar på oss sko og sekk og startar gåturen. Turen går først på anleggsveg inn til Skreivasskleivane, så på nødda sti over Storsteinheia til Pøyleåna.  Derifrå går me vidare til Vassdalstjørn, kanskje tar me turen om Skreinuten. Turen er omlag 20 km i flott småkupert høgfjellsterreng, 500-600 høgdemeter Om kvelden lagar me felles middag frå proviantlageret.

Lørdag
Morgonen på Vassdalstjørn startar med frukost, kaffi og havregraut for den som vil ha. Frå Vassdalstjørn til Krossvatn går turen mot Vassdalsbergi, muligens innom Blåbergåsane og Heddevasslaupet, til slutt via Grjotdalen før me tar kvelden på Krossvatn. Turen blir +/- 20 km, rundt 1000 høgdemeter, også denne dagen småkupert. Dagen blir avlsutta med felles middag - kanskje får me også fisk på turen ?

Søndag
Krossvatn-morgonen startar også med kaffi og graut før me pakkar og vaskar og legg i veg Turen til Stranddalen går via Breiavadet og Pjåkavassheia. Vel framme får me innlosjert oss før me kan nyte ein tre-retters middag, og blir tatt godt vare på av vertskapet Turen vil bli 15-20 km, og rundt 1300 høgdemeter totalt,  nokre bratte bakkar må du rekne med denne dagen

Mandag
Etter lang og god frukost returnerer me til bil ved Øvre Moen og hentar resten av bilane før me køyrer heim. Om lag 6 km og 200 høgdemeter denne dagen. Retur til Øvre Moen 12:30, til Stavanger 15:30

Planleggingsmøte
Onsdag 16. juli kl. 18.00 på Teams. Samkøyring blir avtalt på møtet.

Turledere
Åse Sellereite (909 13 753) og Olav Martin Bråtveit (416 38 545).

Prisen dekker
Turledelse, overnatting, felles middag og administrasjon. Vi legger opp til samkjøring og kostnad for dette kommer i tillegg. Kostnad for privatkjøring er kr 3,50/km pluss eventuelle ferjer og bomavgift som deles på alle inkludert sjåføren. Samkjøring  

Utstyr som turdeltakeren må ha med
Ta gjerne med sandalar eller crocs, stavar om du har, det kan vere fint å ha ved vading av elver, hovudlykt, førstehjelp til eige bruk (evt tablettar) Måltid inkludert i prisen er felles middag +  kaffi havregraut til frukost på Vassdalstjørn og Krossvatn, heilpensjon på Stranddalen.  Niste og snacks må deltakarane ha med sjølv Se ellers DNTs pakkeliste for sommerturer i fjellet. Utsyr kan lånes for en rimelig penge på www.frilager.no  

Utstyr som kan være kjekt å ha med
Badetøy og håndkle. Det det dere ellers måtte ønske å drikke til/etter middagen på lørdag.

Vilkår for deltakelse på fellesturer
Når du melder deg på denne turen bekrefter du at du har lest og aksepterer vilkårene som er beskrevet i våre generelle vilkår.

Hva er en fellestur med DNT?

Utstyr og kart 
Trenger du utstyr eller kart til turen, anbefaler vi deg å stikke innom vårt tursenter eller leie fra Frilager.no  

Medlemskap i DNT
På denne turen er det tillegg i prisen for de som ikke er medlemmer. Vi oppfordrer alle til å melde seg inn og støtte vårt arbeid med å få flere ut på tur. 

Bli medlem i DNT!

UT.no
Mer generell informasjon finner du på hele Norges turplanlegger

Følg oss på Facebook og Instagram
Turer for voksne Stavanger Turistforeninglangtur, hytte- til hyttetur

Icon Oppmøtested