Finn frem turstøvlene og bli med på ein kjekk hytte- til hyttetur der me utforskar nokre ruter utenom dei vanlege stiane. Gåturen startar ved Oddatjørndammen og går til Vassdalstjørn. Dersom snømengdene og tilstanden på vegen tillatar det kan det hende me køyrer eit stykke innover mot Skreivasskleivane. Neste dag går me til Krossvatn i retning Vassdalsbergi, truleg om Heddevasslaupet før me svingar mot Grjotdalen. Etter ei natt på Krossvatn set me kursen mot Stranddalen. Der kan me vente oss god oppvarting. Siste dag blir det retur til Øvre Moen. Med andre ord en langtur gjennom nydelig høyfjellsterreng med flott natur, hyttekos og sosialt lag!
Turen passar for deg som er vand med å gå i fjellet med sekk, men som ønsker selskap på turen. Turen går store delar utanfor merka løyper og utanfor sti, så du må vere komfortabel med det.
Fredag:
Me møter ved bommen til Blåsjøvegen 1130. Så køyrer me til Øvre Moen og plasserer ein bil eller to der, og vidare til Oddatjørndammen før me tar på oss sko og sekk og startar gåturen.
Turen går først på anleggsveg inn til Skreivasskleivane, så på nødla sti over Storsteinheia til Pøyleåna. Derifrå går me på merka sti til Vassdalstjørn, kanskje tar me turen om Skreinuten.
Turen er omlag 20km i flott småkupert høgfjellsterreng
Om kvelden lagar me felles middag frå proviantlageret.
Laurdag:
Morgonen på Vassdalstjørn startar med frukost, kaffi og havregraut for den som vil ha.
Frå Vassdalstjørn til Krossvatn går turen austover i Setesdal før me finn vegen til Grjotdalen og vidare til ein fin kveld på Krossvatn.
Turen blir +/- 20 km, også denne dagen småkupert.
Dagen blir avlsutta med felles middag- kanskje får me også fisk på turen ?
Søndag:
Krossvatn-morgonen startar også med kaffi og graut før me pakkar og vaskar og legg i veg
Turen til Stranddalen går via Breiavadet og Pjåkavassheia.
Vel framme får me innlosjert oss før me kan nyte ein tre-retters middag, og blir tatt godt vare på av vertskapet
Turen vil bli mellom 16 og 20 km, nokre bratte bakkar må du rekne med denne dagen
Mandag:
Etter lang og god frukost returnerer me til bil ved Øvre Moen og hentar resten av bilane før me køyrer heim.
Om lag 7 km denne dagen
Me ber om føresetnad for at det kan verta endringar på turen!
Planleggingsmøte
Tysdag 14. juli kl. 18.00 på Teams. Samkøyring blir avtalt på møtet.
Turledere:
Åse Sellereite (909 13 753), Olav Martin Bråtveit (416 38 545) og Arnstein Osaland
Prisen dekker
Turledelse, overnatting, felles middag og administrasjon. Vi legger opp til samkjøring og kostnad for dette kommer i tillegg. Kostnad for privatkjøring er kr 3,50/km pluss eventuelle ferjer og bomavgift som deles på alle inkludert sjåføren. Samkjøring
Utstyr som turdeltakeren må ha med
Ta gjerne med sandalar eller crocs, stavar om du har, det kan vere fint å ha ved vading av elver, hovudlykt, førstehjelp til eige bruk (evt tablettar) Måltid inkludert i prisen er felles middag + kaffi havregraut til frukost på Vassdalstjørn og Krossvatn, heilpensjon på Stranddalen. Niste og snacks må deltakarane ha med sjølv Se ellers DNTs pakkeliste for sommerturer i fjellet. Utsyr kan lånes for en rimelig penge på www.frilager.no
Utstyr som kan være kjekt å ha med
Badetøy og håndkle. Det det dere ellers måtte ønske å drikke til/etter middagen på lørdag.
Vilkår for deltakelse på fellesturer
Når du melder deg på denne turen bekrefter du at du har lest og aksepterer vilkårene som er beskrevet i våre generelle vilkår.
Utstyr og kart
Trenger du utstyr eller kart til turen, anbefaler vi deg å stikke innom vårt tursenter eller leie fra Frilager.no
Medlemskap i DNT
På denne turen er det tillegg i prisen for de som ikke er medlemmer. Vi oppfordrer alle til å melde seg inn og støtte vårt arbeid med å få flere ut på tur.
UT.no
Mer generell informasjon finner du på hele Norges turplanlegger
Følg oss på Facebook og Instagram!
Turer for voksne Stavanger Turistforeninglangtur, hytte- til hyttetur