Go Norsk Friluftsliv to main content
24. mai 2025

Veglause gardar i Bolstadfjorden

Mer informasjon
Veglause gardar i Bolstadfjorden
IconSted
Dalekvam
Icon Tid
Kl. 09.30 - 17.00
Icon Arrangør
Vaksdal Turlag
Icon Kontaktperson

Mange har sett dei to gardshusa tett i tett på Furnes på andre siden av Bolstadfjorden. No kan du få kome opp til tunet dersom du vert med Vaksdal turlag på ei kulturhistorisk vandring i fjordlandskap mellom dei veglause gardane Furnes og Tysebrunæ i Bolstadfjorden. 

Oppmøte: Dalseid, parkering ved avkjørsle frå E16.

Oppmøtetidspunkt: 09.30

Avslutning: Dalseid stasjon 17.00

Furnes Murvelving i jernbanetunnel ved Dalseid

Turskildring: Fotturen er delt i tre etappar med båttransport mellom. Det vert rikeleg med kulturhistorie på heile turen der vi besøker gardane Furnes og Tyssebrunæ. Turen startar på Dalseid kor vi går til langs den gamle Vossabana til Furnestræ, kring 2 km. Vi går gjennom to tunnelar, så ta med lommelykt eller hodelykt.

Frå Furnestræ vert det skyss over Bolstadfjorden til Furnes, der det er to gardsbruk eit stykke opp frå sjøen. Her vert vi møtt av folk frå garden som vil fortelje oss om livet på gardane då det var drift her. 

Vidare går turen opp dei bratte bøene på Furnes til uteløene som er restaurert i gamal stil. Turen går videre i bratt og noko luftig terreng til vi har Bolstadfjorden kring 425 meter bratt under oss (sjå bilde under). Her tek med ein god pause medan me nytar utsikta mot Dalseid og Bolstadfjorden under.

Dalseid og BolstadfjordenTuren vidare går i jamn stigning vidare til kring 580 moh før det siste stykke som er bratt ned lia til garden Tyssebrunæ kor vi får høyre litt om garden. Turen mellom Furnes og Tyssebrunæ er kring 5 km.

Frå Tyssebrunæ vert me skyssa med båt attende til Dalseid.

Gradering: 6-7 timar inklusiv pausar, krevende tur kor siste del ned til Tysebrulia er i ulendt terreng. Turen går delvis på sti, og delvis i terreng utan sti. Samla tid inklusiv båttransport kring 8 timar. Til saman er turen på omlag 7 km og 580 høgdemeter.

Kulturhistorie: Om ein er interessert i gardane og plassane ein passerer på turen finn kan ein sjå programmet om Laksebonden eller sesong 23 frå 2024 av der ingen kunne tru på NRK TV.

Ein kan også lese i bygdeboka for Vaksdal, band III 

Mat: Ta med god nistepakke og drikkeflaske til ein heil dag ute

Utstyr: Lett tursekk pakka med:

  1. Redningsvest om du har
  2. Tynn vindjakke og turbukse (med god fukttransport)
  3. Hodelykt eller lommelykt (me går gjennom to jernbanetunnellar)
  4. Undertøy i ull/ullblanding + ekstra skift
  5. Sokker med mye ull og god passform + ekstra skift
  6. Fleecejakke eller tynn varmejakke
  7. Ullvottar eller andre vantar/vottar som er varme sjølv når dei er våte
  8. Fjellstøvlar eller gode tursko med god ankelstøtte.
  9. Shorts og t-skjorte om det er meldt varmt vêr
  10. Regntøy om vêrmeldinga tilseier dette (jakke og bukse)

Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår:https://www.dnt.no/aktiviteter/organiserte-turer/vilkar-for-turdeltakelse/

Pris: 200 kr ,- for medlemmar av DNT, 300 kr ,- for ikkje-medlemmar. Betaling når du melder deg på. Full refusjon vert gjeve ved avmelding inntil 10 dagar før turen, halv refusjon ved seinare avmelding. Ingen refusjon ved avmelding mindre enn 48 timar før turstart. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap: ?https://www.dnt.no/medlem/???

Tog: Reisande med tog kan gjere avtale om transport frå/til Dale med turleiar.

Kart: Voss 1:50 000.

Turleiarar: Willy-André Gjesdal og Terje Danielsen Kvamme

Spørsmål?  har du spørsmål kontakt med willy.andre.gjesdal@gmail.com 

Icon Oppmøtested