Go Norsk Friluftsliv to main content
21. juni 2025

Vetlafjell

Mer informasjon
Vetlafjell
IconSted
Kvam
Icon Tid
Kl. 11.00 - 15.00
Icon Arrangør
Kvam Turlag
Icon Kontaktperson

Frå Bjørke går vi dei fyste kilometrane på traktorvei opp til Nyasete. Vidare går vi på sti oppover mot Skar og Vetlafjell. Turen er på ca 500 høgdemeter, og sjølv om det er stigning heile turen, er det ein middels/lett tur å gå, med flott utsikt store deler av turen.


Utstyr: Utstyr etter dagens ver og føre i sommarfjellet. Niste for ein dag ute.  

Mat: Ta med eiga niste.

Frammøte: Fykse skuleplass, kl 10.00. Felles køyring opp til Bjørke.

Turleiing: Turen blir leia av turleiar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.  

Pris: Medlemmer: Gratis, ikkje medlemmer: 100kr. Betaling ved online påmelding eller Vipps.

Turleiar: Siri Kaale, 954 76 664



#FT#

Icon Oppmøtested