Go Norsk Friluftsliv to main content
22. Aug 2025

Vilt og Vakkert - Kvanndalen frå alle kantar

Mer informasjon
Vilt og Vakkert - Kvanndalen frå alle kantar
IconSted
Suldal
Icon Tid
Icon Arrangør
Stavanger Turistforening
Icon Kontaktperson

Tur i og rundt Rogalands villaste og vakraste dal. Me startar med å gå inn til hytta første kveld. Neste dag utforskar me andre etasje i vest, og går ein god rundtur, og tilbake til hytta på kvelden. Neste dag går me opp i aust, innom Skorpeskarnuten og kanskje til idylliske Litlavatnet, før me returnerer via ei anna rute tilbake til Kvanndalsdammen.

Fredag
Me møtest ved Kvanndalsdammen og går inn til hytta, ein kort tur på eit par små timar. Me kosar oss med god middag og kanskje eit bad i elva.

Laurdag
Me lagar oss god frukost og ryddar litt i hytta, men legg igjen det som trengst til natta og pakkar dagstursekk. Turen går tilbake der me kom frå, nesten til Kvanndalsdammen, men på høgaste punkt går me rett opp på gamal nødda sti heilt opp til det flatar ut mot neste fjellvegg. Vidare innover kryssar me Flesåa ved fossen, og går innover Svultanutskora. Det er rimelig flatt innover, og fantastisk utsikt. I gråa ura blir det litt klyving frå stein til stein. Så tar me oss bratt opp til vatnet under Trollaskeinuten og Ikasteskaret.  Så ned til Jensafita og ned dalen tilbake til hytta.

Dette er ein god rundtur på rundt 22 km, og med 800 meter stigning

Søndag: 
Dersom ver og sikt tillet det, går me no oppover dalen igjen, til brua over elva i Vierevika. Der finn me vegen opp Soveskora. Me går innom Skorpeskarnuten, og kanskje nedom Litlavatnet før me går
tilbake til Kvanndalen. Me går ned til dalen via Trongjo, og tilbake til Kvanndalsdammen før me køyrer heim.

Som dagen før er dette også ein god rundtur på rundt 22 km, og med 800 meter stigning

Dette turprogrammet gjer seg best i godver, og kan bli endra ein god del om det blir regn og skodde. Me satsar derfor på sol og gode badetemperaturar

Planleggingsmøte
Mandag 18. august kl. 18.00 på Teams. Det er lagt opp til køyring i privaltbiler, samkøyring blir avtalt på møtet.

Turledere:
Marie Nøkling (91330563) og Åse Sellereite (90913753)

Prisen dekker
Turledelse, administrasjon,overnatting og felles middag fredag og laurdag, frokost med kaffi og havregraut laurdag og søndag.
Vi legger opp til samkjøring og kostnad for dette kommer i tillegg. Kostnad for privatkjøring er kr 3,50/km pluss eventuelle ferjer og bomavgift som deles på alle inkludert sjåføren.  

Pakkeliste
Pakk lett !! Niste og snacks må deltakarane ha med sjølv. Ta gjerne med sandalar eller crocs, stavar om du har, hovudlykt, førstehjelp til eige bruk (evt tablettar). Felles måltid blir fordelt på deltakarane, så ha plass til litt i sekken. Av sikkerhetsmessige årsaker må deltakerne ha egnet utstyr og bekledning for årstiden. Sjekk ut DNTs pakkeliste for sommer slik at du er godt forberedt til fellesturen. Se også DNTs video med tips om hvordan pakke sekk.

Utstyr kan lånes for en rimelig penge på www.frilager.no  

Vilkår for deltakelse på fellesturer
Når du melder deg på denne turen bekrefter du at du har lest og aksepterer vilkårene som er beskrevet i våre
generelle vilkår.

Hva er en fellestur med DNT?

Utstyr og kart 
Trenger du utstyr eller kart til turen, anbefaler vi deg å stikke innom vårt tursenter eller leie fra Frilager.no  

Medlemskap i DNT
På denne turen er det tillegg i prisen for de som ikke er medlemmer. Vi oppfordrer alle til å melde seg inn og støtte vårt arbeid med å få flere ut på tur.

Bli medlem i DNT!

UT.no
Mer generell informasjon finner du på hele Norges turplanlegger

Følg oss på Facebook og Instagram!
Turer for voksne Stavanger Turistforening

Icon Oppmøtested