Go Norsk Friluftsliv to main content
06. Feb 2026

Vinterovernatting i telt, Skjåk

Mer informasjon
Vinterovernatting i telt, Skjåk
IconSted
Skjåk
Icon Tid
Icon Arrangør
DNT Gudbrandsdalen
Icon Kontaktperson

Drøymer du om vinterovernatting i telt?

Har du lyst til å prøve å overnatte ute vinterstid, men er usikker på korleis du går fram? Eller kanskje du berre ønskjer godt selskap og ei sosial turoppleving saman med andre? Då er dette turen for deg!

Vi startar helga med vinterovernatting i telt saman med erfarne turleiarar. Turen går frå Stuttgongen i Skjåk. Herifrå finst det fleire moglege ruteval, og vêr- og føreforholda avgjer kvar vi går. Sidan vi startar seint på ettermiddagen, blir det ein kort innmarsj før vi slår leir. Mest truleg går vi om lag ein time på ski.

Når vi kjem fram og telta er sette opp, byr turleiarane på fredagstaco og hyggeleg leirstemning.


Mat -Turleiarane tek med felles taco til kveldsmat fredag. Du må sjølv ta med drikke og frukost til laurdag morgon.

Ski - Turen passar godt for fjellski med feller.

Felles utstyr

Stormkjøkken: Turleiarane har med stormkjøkken til matlaging og oppvarming av vatn. Har du eige, kan du gjerne ta det med.

Telt: Du treng ikkje eige telt for å delta – DNT har telt du kan låne.

Allergiar - Hugs å gi beskjed dersom du har matallergiar.


Praktisk informasjon

- Dato: 6.–7. februar 2026

Oppmøte: Parkering ved Stuttgongen kl. 17.00

Påmeldingsfrist: 1. januar

Varigheit: 2 dagar

Lengde: Tilpassa gruppa og vêret. Målet er ikkje å gå lengst mogleg, men å få ei god oppleving med vinterovernatting i telt. Dersom vêret er bra, kan det bli frivillig lengre tur laurdag.

Nivå: Middels

Passar spesielt for: Ungdom, vaksne og fjellsportinteresserte


Ta med / ha på

Sjå tips til pakkeliste her: ​Pakkeliste vinter​​​

Hugs at BUA har mykje godt utstyr du kan låne gratis: ​BUA​​​

Ekstra tips:

- Ljoslenke (for stemning i teltet)

- Hovudlykt

- Drikkeflaske som tåler varmt vatn (kan brukast som varmeflaske)


Om turen

- Fylke/kommune: Innlandet, Skjåk

- Type tur: Skitur med overnatting i telt

- Turleiarar:

Elisabeth Jevnheim, tlf. 971 92 950

Anita Haugen, tlf. 99 71 26 77


Pris

Gratis for medlemmar i DNT.

Ikkje-medlemmar: 100 kr.

Icon Oppmøtested