Vi møtes på Landa i Omvikdalen laurdag 9.mai kl 10.00.
Vi fordeler oss i bilar og køyrer så langt vi kjem mot Vetrhus, forhåpentligvis heilt opp. Vi legg turen der snøforholda er best. Den mest sannsynlege ruta: Turen går i lettgått terreng i starten, langs nedsta Vetrhusvatn. Vidare går vi til øvsta vetrhusvatn, og over eller rundt dette. Stigning opp mot Krokavatna, der vi holder til venstre mot Alvaldsnuten. Herifrå går det forholdsvis bratt opp mot namnlaust vatn på 1020moh. Her kan ein velga 2 ruter til toppen. Enten over vatn 1020 moh eller opp før vatn 1020 moh, her må vi vurdera føre og vær. Uansett rute, så er det ca 230 høydemeter igjen til toppen herifrå. Litt bratte parti mot toppen. På toppen av Alvaldsnuten år vi eit fantastisk utsyn i alle himmelretningar!
Frå Alvaldsnuten ser vi Åkrafjorden, Folgefonna, Ulvanosa-massivet og Etnefjella. Den veglause Garden Eikemo kan vi sjå ned på. Returen går omlag langs den same ruta, avhengig av snøtilhøva.
Tidsbruk: 6 timer tur/retur med køyring til Vetrhus.
Turen passar for alle som har gått ein del på ski, både nedover og oppover.
Må ha ski med stålkantar. Randonee kan og nyttast viss ein har gått ein del på dette. Må rekne med litt staking på retur og ein og anna liten motbakke.
Ta med niste, drikke og varme klær.