Bli med Bømlo Turlag på ein 3-dagers fottur i Suldalsheiane innerst ved Suldalsvatnet. Fotturen startar frå Vetrhus på austsida av Suldalsvatnet. Første dag går me gamle stølsvegen opp til den sjølvbetjente DNT hytta Jonstølen. Dag to går me 12,5 km oppover Skromledalen til 1.000moh og nedover igjen til Bleskestadmoen, der me overnattar i den sjølvbetjente DNT hytta der. Før me når hytta går me forbi det mektige Vallarjuvet.
I området ligg gamle stølar på rekkje og rad oppover i dalane. Navn som Jonstølen, Håvestølen, Gaukstølen og Skitstølen, vitnar om lange tradisjonar med stølsdrift i området. Siste etappe på vår tur, vert 6 km ned til Bleskestad.
Dagsetappar frå 6 til 12,5 km og om lag 500 høgdemeter kvar dag, krev at du må ha turerfaring og vandt med å bera stor sekk.