Øvstebø,Etne
Oppmøte kl. 10.00 ved Bondekompaniet. Me kjøre til Fjøsna, opp til garden til Tor Arne Sandvik for parkering. Går på vegen i roleg tempo opp til toppen. Mulighet for å bli kjørt opp/ned for dei som treng det. ( sei i frå når du melder deg på). Her er tillaga fleire kvileplassar med benk/bord og mange artige skilt langs vegen. Turmålet er ved hytta til gardsfolket. Flott utsyn over Etnebygda heile vegen oppover.