Turen til Høgehaug er om lag 4,2 kilometer kvar veg, med slak stigning til toppen og tilsvarande slak nedkjøring tilbake. Det blir ein tur i roleg tempo. Det forventast at du har grunnleggande skikunnskap for å kunne delta på denne turen, men turen i seg sjølv går i forholdvis enkelt terreng. Du må kunne meistre utforkjøring på fjellski for å delta på turen, ettersom vegen tilbake stort sett er slak nedover.
Når vi kjem tilbake til Rindabotn vil det bli fyrt opp bål, og dei som ynskjer kan bli igjen og nyte bålkos under fullmånen i lag.
Ein må ha eigne fjellski med feller, staver og hovudlykt, og kle deg etter veret. Det vil vere enkel servering til bålet (pølser og marshmallows), Ta gjerne med sitjeunderlag og varm drikke om du ynskjer.
Trine Smukkestad Lavik, tlf. 452 80 863; Håkon Stortiset tlf. 988 17 357 og Anna Kobbeltvedt tlf. 926 82 917
Oppmøte ved Coop på Sjøkanten kl. 17.30, her vil me organisere samkøyring opp til Rindabotn. Kvar bil kan dele parkeringsutgifter for parkering i Rindabotn.
Turen krev påmelding her på sida eller på SMS til turleiar Trine Lavik
Velkommen til ein magisk kveld under fullmånen. Merk at turen kan bli avlyst på kort varsel ved dårleg vêr.