Vil du bli med på ein enkel tur til Grana og "Livets portal" ?
Vi møtes på nedre parkering ved Fjell kyrkje kl. 10.30. Her samlar vi oss i eit mindre tal privatbilar. Det kan vera lite parkering der vi startar å gå, frå Telavåg skule.
Denne turen har i mange år vore kystpasstur. Her er mange kloppar, men likevel kan det vere vått å gå i stien. Denne stien er også ein del av Nordsjøløypa. Mulig vi går om Sørvika tilbake. Den delen av stien kan være veldig våt. Vi tek eit valg på turdagen.
Turens lengde å gå er 4 km tur-retur. Turtid med kjøring og ute i marka med matpause vert omlag 3,5 timar til vi er tilbake til Fjell. Ta med mat og drikke. Kle deg etter dagens ver. Gode sko som tåler vatn og gode sålar må til. Ha broddar med i sekken om vinteren. Då er dei lett å ta i bruk om det er isete.
Kom å gå tur med oss om du har anledning å gå tur på dagtid, om du er medlem i turlaget eller ikkje.
Velkommen med på tur!
Vil du bli medlem? Les:
Vilkår for deltagelse på tur: