Vi markerer opninga av "Friluftslivets år" og kosar oss ved gapahuken på Tjønnmyran med bålbrenning, aktivitetar og ein matbit.
Ta gjerne med ski for ein runde i lysløypa viss det er skiføre! Eller kanskje du heller vil steike deg ein bakelsrunding på bålet? Vi tek med røre! Trekning av gevinstar blant dei frammøtte. Inga påmelding!
Køyr innover Todalen i retning Kårvatn. Ca. 3 km etter T-krysset ved Bruset, svingar du til høgre opp mot Tjønnmyran. Frå parkeringsplassen er det nesten berre eit steinkast til gapahuken.