Bli med DNTung på årets snøholetur! Me spenner på oss skia, pakkar sekkane fulle med snacks og tilbringer helga i snøen i nydelege Bergsdalen. Det vert skileik, hyttekos og ikkje minst, ei natt i sjølvlaga snøhole!
FREDAG
Me møtest på Bergen togstasjon og tek toget til Dale 16:30, det er viktig at alle møter i god tid og hjelper å fordela fellesmat. Vel framme på Dale får me skyss av taxi til turstart og spenner på oss skia. Turen opp til Gullhorgabu tek like i overkant av tre timar, så me må vera budd på å gå i mørker! Vel framme på hytta diskar me opp med fellestaco og hyttekos før me tek kvelden.
LAURDAG
Me et frukost i lag og går igjennom litt snøholeteori. Gravinga tek lang tid, så her er det berre å koma i gong tidleg og syta for at snøholene vert legendariske! Etter lunsj tek me kanskje ein liten dagstur for å strekka på beina, eller bygger hoppbakke og nyter solveggen om vêret er med oss. I kveldinga gjer me siste finish på holene og samlast inne til felles middag og hygge, før me tek med oss soveposer og varmeflasker ut i snøen.
SUNDAG
Me samlast inne til felles frukost og vaskar oss ut or hytta, returen tek me sørover -ei velfortent nedkøyring i nydeleg terreng! Er me heldige vert det puddersnø heile vegen ned til Kvitingen. Ved vegen vert me plukka opp av ein taxi som tek oss til Vaksdal, kor me hoppar over på eit tog heim til Bergen.
Oppmøtested: Bergen togstasjon
Oppmøtetidspunkt: 16:00
Avreise: Vi tar toget til Dale 16:30, og taxi til stistart (bestilles av oss)
Mat: Deltakerne må ta med egen lunsj, mens frokost og middag blir dekket.
Hjemreise: Vi tar taxi til Vaksdal (bestilles av oss), og toget derfra til Bergen (klokkeslett oppdateres)
Utstyr: Meir info kjem i mail i forkant av turen, men det er viktig at alle som planlegger å sova ute har med seg ein god vintersovepose og to liggeunderlag samt minst ei god hovudlykt. Se utstyrsliste for vinterfjellet. Hvis du mangler utstyr finnes det flere muligheter. Du kan låne av BUA eller BSI Friluft, du kan forhøre deg med venner og bekjente, eller du kan kontakte turlederen for hjelp. Ta kontakt og bli overrasket!
Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår
Pris: kr 395,- for medlemmer, kr 750,- for ikke-medlemmer. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. Prisen inkluderer opphold på Gullhorgabu, frokost og middag, taxi. Togbilletter kjøper den enkelte selv.
Merk at det er mulig å søke gratis deltakerplasser
Gradering: Middels. Me skal gå om lag 7km på fjellski i mørket på fredagen. Turen er ikkje veldig krevande, men du må ha tidlegare erfaring frå fjellskiturar med sekk.
Turledere: Tilde Torkildsen og Ludvig Holter
Spørsmål? Har du spørsmål, kontakt Bergen og Hordaland Turlag på e-post bht@dnt.no eller tlf. 55 33 58 10