Go Norsk Friluftsliv to main content
09. feb. 2025

Sundagstur: Brandset - Reime

Mer informasjon
Sundagstur: Brandset - Reime
IconSted
Voss
Icon Tid
Kl. 09.00 - 16.00
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson

Turen frå Brandset til Reime går i eit nydeleg og forhaldsvis slakt terreng. Sjølv om me ikkje går så høgt i terrenget, så har me utsikt fyrst til Stalheim og fjella mot Gudvangen, og seinare mot Raundalsryggen. Er me heldige med vêret, ser me kanskje også heilt til Fresvikbreen. 

Gradering / vanskelegheitsgrad: 
Middels krevjande tur. Passar for ungdom og vaksne.

Turomtale: 
Fyrste del av turen går via Prinsabotn opp mot Strandaleitet. Det er lett stigning heile vegen, ca 400 høgdemeter på denne etappen. Frå Strandaleitet er det flott utsikt blant anna til Stalheim, Sivle og fjellområda omkring. Turen over sjølve Strandaleitet er vakker og lett å gå. Etter kvart opnar dalen seg, og me har eit unnarenn ned mot dei tre vatna som ligg på rekke og rad i Fjellsetedalen. Her har me eit nytt løft opp mot Vardafjellet, ca 110 høgdemeter. Er me heldige no, så er det kanskje køyrd spor frå Vardafjellet og ned til Reime. Då har me eit fint og slakt unnarenn så og seie heile vegen heilt fram. Om det ikkje er køyrd spor, og det har snødd ein del, då vert denne etappen sjølvsagt ein del tyngre og me brukar lengre tid.  

Krav til deltakarar:
Turen er 16 kilometer lang, og rundt 600 høgdemeter. Dette er ganske tidleg i sesongen, så turen er for dei som allereie har gått litt på ski og er i grei form. Dersom det vert dårleg vêr, så legg vi om turen.

Utstyr:
Fjellski varmejakke (dun, primaloft), vindtette klede, vindtette vottar, niste til 7 timar i tillegg til varm drikke Om sludd, slalåmbriller. 

Frammøte:
Avreise med buss frå Holbergsplass kl 09. Bussen ventar på oss på Reime rundt kl 16. 

Pris:

Medlem 425 kr. inkluderer buss og administrasjonsavgift (75 kroner)

Ikkje- medlem 625 kr. inkluderer buss og adminstrasjonsavgift(150 kr)

Dyr:
Når ein nyttar buss er hund ikkje lov grunna omsyn til allergi . Deltakar kan delta om han/ho køyrer sjølve

Turleiing: 
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.  

Turleiarar:
Bodil Atterås tlf: 41 47 53 81 og Anne Tveite

Fotograf:
Øystein Røen

#sundagstur

Icon Oppmøtested