Go Norsk Friluftsliv to main content
30. mars 2025

Sundagstur: Dyrvedalen - Lønahorgi - Tråstølen

Mer informasjon
Sundagstur: Dyrvedalen - Lønahorgi - Tråstølen
IconSted
Voss
Icon Tid
Kl. 07.20 - 17.30
Icon Arrangør
Voss Utferdslag
Icon Kontaktperson

Lang flott tur i eit av dei finaste fjellområda på Voss. Slik går ruta i korte trekk: Dyrvedalen - Volafjellet - Gygrabruni - Slettafjellet - Lønahorgi - Bavallen. Turen er ein av dei flottaste skiturane ein kan gå på Voss.

Gradering / vanskelegheitsgrad: 
Ekstra krevjande tur. Turen er på omlag 26 km og 1480 høgdemeter. Bratt men effektiv stigning opp til varden over Tunnaset, 510 høgdemeter på 4 km. Vidare er det ein lang og jamn stigning på 4 km med 460 høgdemeter til Volafjellet. Nedskriinga frå Gygrabruni er kort og bratt. Resten av turen er ikkje spesielt krevjande, men stigninga opp til Lønahorgi er lang og seig.

Turomtale:
Starten på turen går opp skogsvegen til Buneld. Er me heldige, kan me ta på skia ved parkeringsplassen. Ein fylgjer vegen opp til endes, der ein går vidare mot Mjølkråni. Kneika opp Mjølkråni er veldig bratt, så mest sannsynlig må skia av, for så å fortsetja på beina opp. 
Normalt sett er det omtrent alltid scooterspor opp til Volafjellet. Vegen vidare til Volafjellet, fylgjer ein sporet, som går om lag der som sommarløypa går. Opp mot Volafjellet får ein flott utsikt heile vegen. På toppen kjem ein liten fin nedskriing mot Gygrabruni. Oppe på Gygrabruni, er det berre å nyta den fine utsika mot Kvitanosi og området rundt Volahytta og Tvinnestølen. Ned frå Gygrabruni blir det ein kort og litt brattare nedskriing. Vidare til Kvanngrøvotni, kan det bli litt opp og ned-stigning alt etter korleis skavlane liggje. Etter å ha labba over Kvanngrøvotni, blir det ein kort stigning opp til flotte Slettafjellet. Her får ein fin utsikt utøve Nedsta Piksvatnet og Vidvangane. Siste stigning for dagen går opp mot Lønahorgi, langs ryggen mot høgde 1304 moh og 1330 moh. Siste delen frå Lønahorgi går ned til Horgaletten og vidare nedover skiløypene og familieløypa til Bavallen. 

Krav til deltakarar: 
God fysisk helse, form og gode skiferdigheiter. 

Detta er ein lang tur i høgfjellet med mange høgdemeter, men ein god del av høgdemeterane på turen er i unnarennet i frå Lønahorgi. Etter Volafjellet, Gygrabruni og Slettafjellet har ein unnagjort om lag 14 km og 1171 h.m før siste stigning. Så, på slutten av ein allereie lang etappe med mange timar i beina kjem ein lang stigning på omlag 3 km og 280 høgdemeter. Siste 8 km er unnabakke med 1102 høgdemeter ned, noko som kan bli tøft med slitne bein. Turen går i april, så varme og sol kan og bli ein faktor. 

Utstyr: 
Fjellski, kortfelle/felle, solkrem, solbrille, klede og mykje mat/drikka då det blir ein lang dag. Turleiiar har med kokeapparat vis det blir behov for snøsmelting til drikkevatn. Tidsbruk blir iallefall 8 - 10 timer. 

Frammøte:  
Buss frå Holbergsplassen til Dyrvedalen kl 07.20. Avmarsj frå Dyrvedalen kl 08.00. 

Dyr:
Når ein nyttar buss er hund ikkje lov grunna omsyn til allergi . Deltakar kan delta om han/ho køyrer sjølve

Pris: 
Medlem 275 kr. inkluderer buss og administrasjonsgebyr (75 kroner)

Ikkje- medlem 400 kr. inkluderer buss og adminstrasjonsgebyr (150 kr)

Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane verdt gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute. 

Merknad:
Maks antall deltakarar: 14 stk .
Denne turen har ein reservedag og kan bli flytta til laurdag 29 mars.

Turleiarar:
Turleiar: Øystein Røen tlf: 41088651 

Icon Oppmøtested