Ein tur i Nansen sine spor frå Hallingskeid over Vossaslavlen til Upsete.
Gradering / vanskelegheitsgrad:
Det er ein heller krevjande tur på 24 km (ev +6 km) med omlag 1000 m stigning. Turen vil ta om lag 8 timar inkludert pausar.
Turomtale:
Me startar på Hallingskeid omlag kl. 10:30 og kryssar Moldåni og går oppover Buadalen. Me fylgjer omtrent den historiske Osavegen opp til Budalsbrotet med omlag 275 m stigning. Så vert det unnabakke ned i Buaholna før me stig nok 170 m og går rundt Kverven og Hovden. Deretter skrir me ned på vestsida av Storjuven til skaret mellom Austmanntjørni og Nordrevatna. Der startar me på siste bakken på 255 m opp på toppen av Vossaskavlen. Her er det berre eit kort bratt klyv før me kjem på toppen og kan skri ned til Kaldevasshytta og Upsete. Dette er det primære vegvalet og turbeskrivelse og kan endra seg etter snøforholda. Me unngår Grøndalen og dei bratte partia opp mot Vossaskavlen. Avgjersle på kva som blir gjennomført blir oppdatert nærmare turdato.
Planen er å ta toget frå Upsete til Voss men rekk me det ikkje vert me hent med buss på Ungdomsherberget. Då vert turen 6 km lengre over Rundavatnet og Langavatnet. Eit lett parti.
Krav til deltakarar:
Du må vera i normalt god fysisk form og vant med lange bakkar oppover og lange nedskriingar.
Utstyr:
Turen er for fjellski med feller/voks. Solbriller og solkrem er naudsynt. Elles ektra godt med klede for høgfjellet, Me er sørste delen av turen over 1300 m i eit kandt klima.
Frammøte:
Me møter på jernbanestasjonen og tek tog kl. 9:20 Hallingskeid. Me tek tog tilbake frå Upsete kl. 18:52. Hugs at dette er ei helg så bestill gjerne billettar til Hallingskeid i god tid som kan refunderast dersom turen vert avlyst. Dersom me vert seinka og ikkje rekk toget vil me ha buss frå Mjølfjell UH i reserve. Då vert turen 6 km lengre over Rundavatnet og Langavatnet. Eit lett parti.
Kartblad:
Norge-serien 10039 Hardangerjøkulen
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Pris:
Medlem: 75 kr (administrasjonsgebyr)
Ikkje-medlem: 150 kr (administrasjonsgebyr)
Betaling for togbillettar: Meir info kjem.
NB! Det kjem ekstra kostnad om det blir nytta buss til henting.
Turleiarar:
Arne Røen: 47 41 76 40, Anita Røen 95 73 29 82 og Tryggve Soldal 48 27 88 27
Vel møtt til ein trygg og flott tur.