Vikafjellet byr på mange moglegheiter! Me tek no turen til fleire klassiske utsiktspunkt, men går ei litt anleis rute enn kva mange plar velgja!
Gradering:
Krevjande (rød): Erfarne på fjellski.
Turen er 500 høgdemeter, 16 km og tek om lag 7 timar
Turomtale:
Turen startar frå Telegrafhytta og går over Vetlavatnet. Vidare aust for Kringlevatnet forbi hytta. Litt stigning opp mot vasskilje der det er fin utsikt mot Myrkdalen. Herfrå skrår me austover mot Mørkvesberget1294 m.o.h. og med litt stigning mot Finnbunuten 1357 m.o.h. Her er det fin utsikt til fjellområda i alle retningar. Nedskriinga går mot toppen av Kari Trå trekket og kjem så ned til Fjellandsbyen.
Krav til deltakarar:
Van med lange turar i kupert terreng.
Utstyr:
- Sjå DNT sin pakkeliste for dagstur vinter.
- Gode feller og solbriller er viktig at alle tek med.
Frammøte:
Holbergplass kl 09.00
Transport:
Buss, Frå Holbergsplass kl 09.00 til Telegrafhytta (Vikafjellet).
Retur frå Myrkdalen Fjellandsby 16.00 til Holbergsplass
Dyr:
Når ein nyttar buss er hund ikkje lov grunna omsyn til allergi . Deltakarar kan delta om ein køyrer sjølv.
Turleiing:
Turen blir leia av turleiarar. Turleiarane er ikkje profesjonelle, noko som betyr at turane vert gjennomført som frivillig dugnad og ikkje som kommersiell guiding. Turane vert gjennomført på grunnlag av gleda ved å ferdast i naturen, samt å ta med andre på gode opplevingar ute.
Pris:
Buss: Medlem 275 kr. inkluderer buss og administrasjonsgebyr (75 kroner)
Buss Ikkje- medlem 400 kr. inkluderer buss og adminstrasjonsgebyr (150 kr)
Merknad:
Turen er med litt bratt stigning og litt bratt nedskriing. Det er ein del terreng på turen, men me vil halda oss under 30 grader heile vegen.
Turleiarar:
Knut Blikberg knut.blikberg@gmail.com, 97571220
Tryggve Soldal, trysol51@gmail.com, 48278827
Foto:
Utsiktbilete 1 og 2: Knut Blikberg
#sundagstur